Tid: 29. oktober kl. 18.00

Sted: Hans H. Hauge-rommet
Litteraturhuset i Bergen

Arrangementsnummer: A054

 

Stand Up 18 – A054 Professor Jørn Øyrehagen Sunde om ondskap.

Prisområde: kr 100,00 til kr 200,00

Jørn Øyrehagen Sunde er professor i jus og rettshistorie ved Universitet i Oslo. Han er ein fargerik forelesar og foredragshalder, og har engasjert seg i mange saker i samfunnet. Den siste boka hans «Forsvarstale for eit vondt menneske» har fått strålande mottaking. Her spør han: «Kvar kjem det vonde frå?» – og det blir utgangspunktet for våre to timar med han i Olav H Hauge-rommet på Litteraturhuset torsdag 29.oktober. Saman med oss vil han fundere og stille spørsmål om ondskap og samfunn, både i verda i dag og historisk. Han er ikkje redd for å «filosofere» eller tenke høgt i ei brei referanseramme, sjølv om det kan vere i ytterkant av kva han til dagleg forskar i. Vi kan love to timar du vil setje stor pris på!